Koronitas jul 16. desember 2025

Koronitas inviterer til ein stemningsfull førjulskveld i Austevoll kyrkje tysdag 16. desember kl. 19.30.

Koronitas er ei vokalgruppe frå Austevoll, kjent for høg kvalitet og nære, stemningsfulle konsertar. Sidan 2018 har dei, under leiing av Astrid Fagerbakke Heggland, gleda publikum med eit variert repertoar i mange ulike samanhengar.

Etter suksessen i Hengjo i 2023, byr dei no på ein ny vri på julekonserten: denne gongen får publikum vere med og skape den gode julestemninga gjennom song. Med både kjende og meir ukjende julesongar på programmet, ligg alt til rette for ein kveld som senkar skuldrene og fjernar julestress.

Med seg på laget har Koronitas mellom andre pianist og vokalist Tarjei Vatne.

Som i 2023 går overskotet frå konserten til Hjerterom v/ Austevoll Røde Kors.

kr 200,00

På lager